Dom frå Høgsterett gir viktige avklaringar om unntaksregelen i pasientskadelova

8. desember 2022 avsa Høgsterett dom i ei pasientskadesak. HR-2022-2356-A.

Inngangen til Norges Høyesterett. Foto: Nasjonalt klageorgan for helsetjenesten.

Avgjerda frå Høgsterett inneheld sentrale avklaringar om bruksområdet til unntaksregelen, og gir særleg rettleiing om betydninga av medisinsk invaliditetsgrad og vurderinga av risikoen for skade.

Saka gjaldt krav om erstatning etter unntaksregelen (unntaksbestemmelsen) i pasientskadelova. Bestemmelsen kan gi rett til erstatning i unntakstilfelle der det ikkje ligg føre svikt ved den medisinske behandlinga pasienten har fått.

Dommen inneheld avklaringar og gir rettleiing

I lovteksten står det at pasientskaden må vera «særleg stor eller særleg uventa». Høgsterett understreka at desse føresetnadene ikkje kan vurderast som to skilde forhold, men som to delar som inngår i ei totalvurdering. Totalvurderinga er at skaden ikkje oppfyller krava etter unntaksregelen.

Høgsterett konkluderte med at det ikkje er eit tilstrekkeleg skilje i alvor mellom skaden etter operasjonen, og lidinga som var årsaka til operasjonen. Den rettslege grensa for kva pasienten må akseptera er dermed ikkje overstigen.

Pasientskadenemnda vart frifunnen for krav om erstatning.

Les heile dommen på domstol.no

Publisert / Endret
Personvernerklæring Tilgjengelighetserklæring