Drift av filialapotek

Apotekkonsesjonær, driftskonsesjonær, apotek eller apotekar som skal klage på vedtak med grunnlag i apoteklova, må klage til Direktoratet for medisinske produkt. 

En apoteklogo. Foto: IsKa, Mostphotos.

Klagesakene gjeld avslag på drift av filialapotek.

Skal du klage på eit vedtak?

Klager på vedtak etter apoteklova må sendast til Direktoratet for medisinske produkter (tidlegare Statens legemiddelverk) innan 3 veker etter at du mottok vedtaket. I klagen må du skrive kva vedtak du klagar på, kva du er ueinig i og kvifor.

Direktoratet går gjennom klagen din og vurderer om vedtaket skal gjerast om eller oppretthaldast. Dersom vedtaket blir oppretthalde, sender dei klagesaka til oss. Me mottek, greier ut og førebur saker som skal behandlast i Apotekklagenemnda.

Direktoratet for medisinske produkt

Korleis behandlar me klagesaka?

Saksbehandlinga av klager som gjeld drift av filialapotek

Personvernerklæring Tilgjengelighetserklæring