Masterstipend

Tek du ein master i rettsvitskap? Vi i Nasjonalt klageorgan for helsetenesta deler kvart år ut to masterstipend på 15 000 kroner til studentar som skal skrive masteroppgåve innan rettsområda våre.

Ei kvinne sit ved ein pc. Ei anna kvinne står ved sidan av og ser ned på pc-en. Foto: Cecilie Bannow.

Dei største fagområda våre er erstatningsrett, forvaltningsrett, helserett, EU/EØS-rett og prosedyre. Her er nokre forslag til aktuelle problemstillingar:

  • Advarsel til helsepersonell, ein meiningslaus peikefinger eller nødvendig korrektiv?

  • Grunngjevingsplikta ved forvaltningsvedtak som rører ved EØS-rettslege spørsmål

  • Erstatning for vaksineskader – ansvarsgrunnlaget, bevisregelen og berekning av erstatning

  • Forholdet mellom den generelle utgreiingsplikta i forvaltningslova og den spesielle utgreiingsplikta i pasientskadeerstatningslova § 10. Går utgreiingsplikta etter pasientskadelova lenger enn forvaltningslova?

  • Forholdet mellom norsk rett og EØS-rett når det gjeld helsekrava til førarkort.

  • Forvaltninga si rettleiings- og utgreiingsplikt i pasientskadesaker

  • Kva ligg i dispensasjonsvurderinga etter § 7 i førarkortforskrifta?

  • Meinerstatning i pasientskadesaker – betydningen av ny forskrift

  • Om å spå framtida – berekning av erstatning for framtidig tap i personskadesaker (gjerne med ei rettspolitisk drøfting av kapitaliseringsrenta)

  • Pasientskader under pandemien – erstatning for manglande smittevern, vaksineskader og utsett behandling

  • Statens helsepersonellnemnd: Ein garantist for rettstryggleik, eller unødvendig byråkrati?

  • Statens helsepersonellnemnd – rettslege rammer for nemndas kompetanse i klagesaker

  • Tap av rekvireringsrett for vanedannande legemidlar – vilkår og forvaltningsskjønn

  • Tilbakekall av autorisasjon til helsepersonell på grunn av rusmiddelmisbruk – rettstilstand og utviklingstrekk

  • Tilbakekall av autorisasjon på grunn av samanblanding av rolla som helsepersonell og privatperson – kvar går grensene?


Lista blir oppdatert fortløpande.

Søknadsfrist

Frist for å søkje om masterstipendet for vårsemesteret 2024 er 30. november. Send søknaden via Webcruiter.

Utbetaling av stipend

Vi utbetalar 10 000 kroner når søknaden er innvilga. Dei resterande 5 000 kronene blir utbetalt når oppgåva er fullført innan rimeleg tid og får karakteren B eller betre.

Presentasjon av masteroppgåva

Vi publiserer informasjon om kven som mottek stipendet på nettsida vår etter tildeling.

Vi ønskjer at stipendmottakaren presenterer masteroppgåva til oss etter at den er ferdig. Det kan også bli aktuelt å publisere oppgåva på nettsida vår.

Treng du fagleg rettleiing?

Dersom du skriv masteroppgåve i rettsvitskap innan eit av fagområda våre, kan du søkje om å få fagleg rettleiing.

Personvernerklæring Tilgjengelighetserklæring