Obstetrikk møter juss: Ein dom å ta lærdom av

I siste utgåve av tidsskriftet til Norsk gynekologisk foreining, Gynekologen, skriv advokat Therese Skodvin i Nasjonalt klageorgan for helsetenesta om ein dom som kan få innverknad på korleis ein skriv journal ved fødslar.

Bilete av artikkelen "Obstetrikk møter juss. Ein dom å ta lærdom av" i Gynekologen 1-2023.

Obstetrikk møter juss. Ein dom å ta lærdom av omhandlar ein dom frå Borgarting lagmannsrett. Artikkelen er skriven av dei sakkunnige vitna for staten i saka, Eva Astrid Øverland og Tore Henriksen, og advokat Therese Skodvin.

Saka gjeld krav om pasientskadeerstatning grunna ein permanent plexus brachialisskade etter skulderdystoci på eit barn. Foreldra til barnet meinte at svikt ved helsehjelpa hadde påført barnet varig skade. Ifølge foreldra burde det mellom anna vore utført keisarsnitt. Dei søkte difor om erstatning frå Norsk pasientskadeerstatning, men fekk avslag. Sakkunnig konkluderte med at fødselshjelpa var innanfor rammene for gjeldande retningslinjer og praksis. Etter klagehandsaming kom Pasientskadenemnda til sama konklusjon.

Lang rettsprosess før erstatningsansvaret vart endeleg avklart

Foreldra tok ut stevnemål mot staten ved Pasientskadenemnda. Halden tingretten kom til at barnet hadde krav på erstatning. Staten anka dommen til lagmannsretten. I dom LB-2020-177285 frå Borgarting lagmannsrett vart staten ved Pasientskadenemnda frifunne. Foreldra anka til Høgsterett. Dommen vart oppheva av Høgsterett grunna manglar ved grunngjevinga, HR-2021-2128-U.

Det vart difor ein ny rettsrunde i lagmannsretten. Utfallet i den nye rettsrunden i Borgarting, LB-2021-160265, vart annleis. Det sentrale var då om det var sannsynleg at fødselslegen ville valt keisarsnitt dersom hen sjølv såg til pasienten mot slutten av fødselsforløpet. Ved keisarsnitt ville skaden som seinare vart konstatert, vore unngått. Trass sakkyndigvurderingar i motsett retning, også i klagesaka hjå statsforvaltaren, fann lagmannsretten i andre runde det sannsynleggjort at legen ville valt keisarsnitt.

Staten ved Pasientskadenemnda anka ikkje dommen til Høgsterett. Det er difor endeleg avklart at barnet har krav på erstatning sidan plexusskaden skyldtest svikt i helsehjelpa.

Dommen syner kor viktig tydeleg kommunikasjon og journalføring er

Siktemålet med artikkelen å gjera dommen kjent i det obstetriske miljøet, og å gje råd om oppfølging og journalføring i tilsvarande tilfelle. I journalar bør uklåre omgrep, som at det skal vera «låg terskel for keisarsnitt» ved vaginal fødsel, ikkje nyttast.

Dommen kan verke oppsiktsvekkjande frå ein klinisk ståstad. Den er samstundes ei viktig påminning om viktigheita av å vere presis og tydeleg i kommunikasjonen med pasientar og i journalføringa.

Nokre av kapitla i fødselsrettleiaren vert no reviderte. Det vil vere auka merksemd rundt språk og formuleringar sett i lys av mellom anna denne saka.

Publisert / Endret
Personvernerklæring Tilgjengelighetserklæring