Nicholas Bertheau Solem får masterstipendet for våren 2024

Nasjonalt klageorgan for helsetenesta gir Nicholas Bertheau Solem masterstipendet for 2024.

En person skriver på en bærbar PC. Et paragraftegn står ved siden av PC-en. Foto: Mostphotos.

Nicholas studerer ved Universitetet i Oslo, og er den første studenten som ikkje studerer i Bergen som får stipendet vårt. I tillegg til stipendet får han også fagleg rettleiing.

– Interesse for forvaltningsrett og EØS-rett

Nicholas skal forska på gjensidig godkjenning av yrkeskvalifikasjonar.

– Eg undersøkjer kor langt retten til rørslefridom rekk for innehavarar av yrkeskvalifikasjonar, som til dømes helsepersonell som søkjer om autorisasjon etter å ha studert i eit anna land enn Noreg, fortel han.

Han fortel vidare at han er spesielt interessert i forvaltningsrett og EØS-rett, og forholdet mellom desse. Han ser fram til å besøkja Bergen for å læra meir om korleis reglane blir praktiserte og fungerer i det verkelege livet.

Me ønskjer Nicholas lykke til i arbeidet!

Skal du skriva masteroppgåve i rettsvitskap hausten 2024?

Viss du studerer juss og skal skriva masteroppgåve innanfor eit eller fleire av våre rettsområde, kan du søkja om masterstipend. Stipendet vårt er på 15 000 kroner.

Følg med på nettsidene våre for neste utlysing.

Les meir om masterstipendordninga og forslag til aktuelle problemstillingar.

Publisert / Endret