Våre tilbod for studentar

Nasjonalt klageorgan for helsetenesta har fleire ulike tilbod for studentar. Hjå oss jobbar du for å ta vare på rettstryggleiken til brukarar og tilsette i helsetenesta.

To kvinner og ein mann sit rundt eit lite bord. Dei snakkar saman. På veggen heng ein skjerm. Foto: Cecilie Bannow.

Vi er eit av Noregs største fagmiljø innan erstatningsrett, helserett, forvaltningsrett, EU/EØS-rett og prosedyre, og er Bergens største samla fagmiljø for juristar. Vi handsamar over 50 ulike sakstypar frå 13 offentlege instansar, er sekretariat for fire uavhengige nemnder, førebur ankar til Trygderetten og fører rettssaker for Pasientskadenemnda for alle landets domstolar.

Som statleg arbeidsplass ynskjer vi å leggje til rette for at studentar får prøve seg i arbeidslivet og få relevant arbeidserfaring. Vi tilbyr òg læreplassar innan kontor- og administrasjonsfag for lærlingar som har fullført Vg2 Service og samferdsel.

Praksisplassar via utdanningsinstitusjonar

Vi samarbeider med fleire utdanningsinstitusjonar der arbeidspraksis er ein del av studiet.

Studentar som studerer rettsvitskap ved Universitetet i Tromsø kan ha praksis hjå oss i 7. semester. Du får då prøve korleis det er å jobbe i ein statleg etat, og får erfaring med  sakshandsaming i helserettsavdelinga eller i ein av avdelingane som handsamar pasientskadesaker.

Dersom du tek faget «Praktisk informasjonsarbeid» ved Universitetet i Bergen, kan du ha praksis i Strategi- og kommunikasjonsavdelinga vår. Under praksisperioden får du jobbe med både intern og ekstern kommunikasjon.

Les meir om praksisplassane våre

Praktikantordning for jusstudentar

Praktikantordninga er eit tilbod for jusstudentar på fjerde og femte studieår som er interesserte i våre rettsområde. Som praktikant hjå oss får du relevant arbeidserfaring og jobbe med spanande juridiske problemstillingar. Du vert tilsett og lønna som konsulent, anten i helserettsavdelinga, ei av avdelingane som jobbar med pasientskadeerstatning eller rettssaksavdelinga. Praktikantperioden er på fire veker.

Les meir om praktikantordninga

Faste deltidsstillingar og sommarjobbar for jusstudentar

På Service- og dokumentsenteret vårt har vi faste deltidsstillingar for jusstudentar. Stillingane inneber ein variert arbeidskvardag med oppgåver som førebuande saksbehandling, anonymisering av vedtak og å betene sentralbord. Arbeidstida er etter avtale, men dei fleste studentane jobbar to ettermiddagar i veka. I samband med ferieavvikling er det mogeleg å jobbe fulltid.

Les meir om deltidsstillingane

Vi har òg fulltids sommarjobbar ved Service- og dokumentsenteret. Arbeidsoppgåvene er dei same som for deltidstilsette. Sommarjobben varer i 8–10 veker.

Les meir om sommarjobbane

Stipend til studentar som skal skrive master i rettsvitskap

Skal du skrive masteroppgåve i rettsvitskap? Då kan du søkje om å få masterstipend.

Kvart semester deler vi ut eit stipend til ein student som skal skrive masteroppgåve om eit av våre rettsområde. Stipendet er på 15 000 kroner. Vi utbetalar 10 000 kroner når søknaden er innvilga. Dei resterande 5 000 kronene blir utbetalt når oppgåva er fullført innan rimeleg tid og får karakteren B eller betre.

Les meir om masterstipendet og sjå forslag til aktuelle problemstillingar

Fagleg rettleiing på masteroppgåva i rettsvitskap

Dersom du tek master i rettsvitskap og skal skrive oppgåve om eit av våre fagområde, kan du søkje om å få fagleg rettleiing frå ein av våre dyktige tilsette. Kvar student kan få rettleiing i inntil 15 timar.

Rettsområda vi har rettleiing innan er

  • erstatningsrett
  • forvaltningsrett
  • helserett
  • EU/EØS-rett
  • prosedyre

Les meir om fagleg rettleiing 

Samarbeid med Juristforbundet – Student

Saman med Juristforbundet – Student arrangerer vi foredrag om ulike rettsområde.

Informasjon om arrangementa og påmelding finn du hjå Juristforbundet 

Publisert / Endret
Informasjonskapsler og personvern