Turnusteneste for å få autorisasjon som ortopediingeniør eller kiropraktor
Dersom du skal klage på vedtak om turnusteneste for å få autorisasjon som ortopediingeniør eller kiropraktor, må du sende klagen til Helsedirektoratet.
Ortopediingeniørkandidatar og kiropraktorkandidatar må gjennomføre turnusteneste for å få autorisasjon. Dersom turnustenesta ikkje blir godkjent, kan du klage på vedtaket.
Skal du klage på eit vedtak?
Klager på vedtak om avslag må sendast til Helsedirektoratet innan 3 veker etter at du mottok vedtaket. I klagen må du skrive kva vedtak du klagar på, kva du er ueinig i og kvifor.
Helsedirektoratet går gjennom klagen din og vurderer om vedtaket skal gjerast om eller oppretthaldast. Dersom vedtaket blir oppretthalde, sender dei saka til oss for ei ny juridisk vurdering.