Tilleggstakst ved spesialistgodkjenning i allmennmedisin
Legar som skal klage på vedtak om rett til tilleggstakst på bakgrunn av spesialistgodkjenning i allmennmedisin, må klage til Helsedirektoratet.
For at du som spesialist i allmennmedisin skal kunne krevje tilleggstakstar, må du i løpet av dei siste fem åra ha fått godkjenning som spesialist eller godkjent etterutdanningsprogram i allmennmedisin i Noreg.
Klagesakene gjeld avslag på rett til å utløyse tilleggstakst.
Skal du klage på eit vedtak?
Klager på vedtak om avslag på søknad om rett til å utløyse tilleggstakst må sendast til Helsedirektoratet innan 3 veker etter at du mottok vedtaket. I klagen må du skrive kva vedtak du klagar på, kva du er ueinig i og kvifor.
Helsedirektoratet går gjennom klagen din og vurderer om vedtaket skal gjerast om eller oppretthaldast. Dersom vedtaket blir oppretthalde, sender dei klagesaka til oss for ei ny juridisk vurdering.
Korleis behandlar me klagesaka?
Saksbehandlinga av klager som gjeld tilleggstakst ved spesialistgodkjenning i allmennmedisin