Spesialistgodkjenning av legar og tannlegar
Legar og tannlegar som skal klage på vedtak om spesialistgodkjenning, må klage til Helsedirektoratet.
Legar og tannlegar som har tatt spesialistutdanning må søkje om godkjenning.
Klagesakene gjeld avslag på spesialistgodkjenning.
Skal du klage på eit vedtak?
Klager på avslag om spesialistgodkjenning for legar og tannlegar må sendast til Helsedirektoratet innan 3 veker etter at du mottok vedtaket. I klagen må du skrive kva vedtak du klagar på, kva i vedtaket du klagar på, kvifor du klagar og dokumentere eventuelle nye opplysningar i saka.
Helsedirektoratet går gjennom klagen din og vurderer om vedtaket skal gjerast om eller oppretthaldast. Dersom vedtaket blir oppretthalde, sender dei klagesaka til oss. Me mottek, greiar ut og førebur saker som skal behandlast i Statens helsepersonellnemnd.
Korleis behandlar me klagesaka?
Saksbehandlinga av klager som gjeld spesialistgodkjenning for legar og tannlegar