Reise- og flytteutgifter for LIS1-stilling og fysioterapiturnus
Legar i del 1 av spesialistutdanninga og fysioterapeutar som skal klage på vedtak om reise- og flytteutgifter i samband med turnus, må klage til Helsedirektoratet.
Legar i del 1 av spesialistutdanninga og fysioterapeutar i turnus kan få dekt reise- og flytteutgifter i samband med tiltreding av LIS1-stillingar/turnus i helseføretak, privat opptreningsinstitusjon eller kommunehelsetenesta.
Klagesakene gjeld avslag på dekning av reise- og flytteutgifter.
Skal du klage på eit vedtak?
Klage på vedtak om avslag på søknad om reise- og flytteutgifter må sendast til Helsedirektoratet innan 3 veker etter at du mottok vedtaket. I klagen må du skrive kva vedtak du klagar på, kva du er usamd i og kvifor.
Helsedirektoratet går gjennom klagen din og vurderer om vedtaket skal gjerast om eller haldast oppe. Dersom vedtaket blir halde oppe, sender dei klagesaka til oss for ny juridisk vurdering.