Godkjenning som allmennlege med rett til trygderefusjon
Legar som skal klage på vedtak om godkjenning som allmennlege med rett til trygderefusjon, må klage til Helsedirektoratet.
For å arbeide som allmennlege med rett til trygderefusjon må du ha autorisasjon, godkjenning som allmennlege eller vere under rettleiing for å få godkjenning.
Klagesakene gjeld avslag på godkjenning som allmennlege med rett til trygderefusjon.
Skal du klage på eit vedtak?
Klager på vedtak om avslag på godkjenning som allmennlege med rett til trygderefusjon må sendast til Helsedirektoratet innan 3 veker etter at du mottok vedtaket. I klagen må du skrive kva vedtak du klagar på, kva du er ueinig i og kvifor.
Helsedirektoratet går gjennom klagen din og vurderer om vedtaket skal gjerast om eller oppretthaldast. Dersom vedtaket blir oppretthalde, sender dei klagesaka til oss for ei ny juridisk vurdering.
Korleis behandlar me klagesaka?
Saksbehandlinga av klager som gjeld godkjenning av allmennlege med rett til trygderefusjon