Drift av privat røntgeninstitusjon
Dersom du skal klage på vedtak om å drive privat røntgeninstitusjon, må du klage til Helsedirektoratet.
Klagesakene gjeld avslag på søknad om etablering eller endring av medisinsk laboratorium og røntgeninstitutt.
Skal du klage på eit vedtak?
Dersom du skal klage på eit avslag på søknad om etablering eller endring av medisinsk laboratorium og røntgeninstitutt, må du sende denne til Helsedirektoratet innan 3 veker etter at du mottok vedtaket. I klagen må du skrive kva vedtak du klagar på, kva du er ueinig i og kvifor.
Helsedirektoratet går gjennom klagen og vurderer om vedtaket skal gjerast om eller oppretthaldast. Dersom vedtaket blir oppretthalde, sender dei klagesaka til oss for ei ny juridisk vurdering.
Korleis behandlar me klagesaka?
Saksbehandlinga av klager som gjeld drift av privat røntgeninstitusjon