Behandling i utlandet
Pasientar som skal klaga på vedtak om behandling i utlandet, må senda klagen til det regionale helseføretaket som fatta vedtaket.
Dersom du er pasient med rett til nødvendig helsehjelp i spesialisthelsetenesta, kan du ha rett til å få dekka utgifter til behandling i utlandet. Vilkåra er at det ikkje finst tilbod i Noreg eller at helsehjelpa i utlandet er dokumentert meir verknadsfull enn helsehjelpa som blir tilbode i Noreg. Utgifter til eksperimentell eller utprøvande behandling blir som hovudregel ikkje dekt.
Skal du klaga på eit vedtak?
Dersom du har fått avslag på søknaden om å få dekt utgifter til behandling i utlandet og du vil klaga på dette vedtaket, må du senda klagen til det regionale helseføretaket som fatta vedtaket, innan 4 veker etter at du mottok det. I klagen må du skriva kva vedtak du klagar på, kva du er ueinig i og kvifor.
Det regionale helseføretaket går gjennom klagen din og vurderar om vedtaket skal omgjerast eller oppretthaldast. Dersom vedtaket blir oppretthalde, sender dei klagesaka til oss.