Fagleg rettleiing til masterstudentar

Me tilbyr fagleg rettleiing til studentar som tek master i rettsvitskap og skal skrive masteroppgåve innan rettsområda våre.

En person marker ordet taushetsplikt i et dokument. Foto: Cecilie Bannow.

Dersom du skriv masteroppgåve i rettsvitskap innan eit av fagområda våre, kan du søkje om å få fagleg rettleiing. Dei største fagområda våre er

  • erstatningsrett
  • forvaltningsrett
  • helserett
  • EU/EØS-rett
  • prosedyre

Rettleiinga er avgrensa til inntil 15 timar per student.

Send søknaden via Webcruiter.

Når er søknadsfristen?

Me har faste søknadsfristar for fagleg rettleiing:

  • Frist for å søkje om rettleiing i vårsemesteret er 30. november. 
  • Frist for å søkje om rettleiing i haustsemesteret er 30. mai.

Skal du søke om masterstipend?

Vi deler kvart semester ut eit masterstipend til studentar som skal skrive masteroppgåve innan rettsområda våre.