– Me er gode til å læra av kvarandre
Jane liker at det er lett å dela erfaringane sine med andre tilsette. Ho synest det er spennande å jobba her fordi ho alltid utviklar seg.
Jane jobbar i avdeling for fag og utvikling. Ho er med på fleire prosjekt, og er mellom anna personvernombod. Ho har jobba i Nasjonalt klageorgan for helsetenesta sidan 2017.
– Avdeling for fag og utvikling fungerer som ei støtte for fagområda. Me hjelper til med fagspørsmål og er med på å ta avgjerder der det er uvisse rundt problemstillingar. Me gir også innspel til lovendringar, uttalar oss om høyringar og held kontakten med Sivilombodet.
Ho synest det har vore spennande å vera med frå starten, og ha høve til å jobba i eit større juristmiljø.
– Eg starta her fordi det var ein ny, stor organisasjon her i Bergen. Det har vore ein attraktiv juristarbeidsplass som det har vore spennande å få vera med å byggja opp.
Nasjonalt klageorgan for helsetenesta er Bergens største samla fagmiljø for juristar.
Tek vare på brukarane sine opplysningar
Som personvernsansvarleg kjenner Jane på mykje ansvar. Ho fortel at personvern er viktig fordi sakene me behandlar inneheld mange personlege opplysningar, og særleg helseopplysningar.
– Som personvernombod gir eg råd og rettleiing om korleis me skal behandla personvernopplysningar.
– Det er mange personlege opplysningar i sakene me behandlar, derfor er det viktig at me tek vare på brukarane sine opplysningar på ein lovleg og rettferdig måte.
Forbetrar kommunikasjonen vår
Jane er med i klarspråkgruppa som jobbar med å forbetra kommunikasjonen me har med brukarane.
– Klarspråkgruppa har som mål å skapa god tekstleg formidling blant dei tilsette. Me ønskjer å ha ein god dialog med brukaren, då er det viktig at me utrykkjar oss på ein forståeleg måte.
Ho fortel at dei har gjort fleire tiltak for å skapa forbetring.
– I klarspråkgruppa har alle ei lik rolle. Kvar avdeling har kvar sin representant som jobbar med klarspråk. Me ønskjer å bidra til eit kontinuerleg betre språk. Gruppa jobbar med ulike tiltak, mellom anna har me vore inne i alle avdelingar i organisasjonen og halde presentasjonar om månadens språktema.
Høy kompetanse blant de ansatte
Du er med på mange prosjekt, kvar kjem engasjementet ditt frå?
– Eg har alltid vore ein engasjert person, men det er ekstra motiverande når eg kan jobba med flinke folk og spennande saker.
Kvifor vil du tilrå denne arbeidsplassen?
– Me er gode til å samarbeida og det er høg kompetanse blant dei tilsette. Det skjer stadig nye endringar som gjer at me må utvikla oss, derfor er det så bra at me får tid og rom til å læra det me treng for å kunna gjera ein god jobb.