Vi søkjer sakkunnige til eit viktig samfunnsoppdrag!
Er du spesialist og ønskjer ei fagleg spennande utfordring? Vi treng kompetansen din for å sikre god kvalitet og rettstryggleik i saksbehandlinga vår.
Vi handsamar klagesaker som gjeld helsefaglege problemstillingar og utdanningar. For å greia ut klagesakene grundig treng vi uavhengige helsefaglege spesialistar frå ulike fagområde. Som sakkunnig må du vere i klinisk praksis og habil til å vurdere saka.
Vi har alltid behov for fleire spesialistar
Akkurat no har vi særleg behov for spesialistar i
- nevrologi
- onkologi
- thoraxkirurgi
- hud- og veneriske sjukdommar
Kvifor takke ja til å ta sakkunnigoppdrag for oss?
Sakkunnige som tek oppdrag for oss gir tilbakemelding om at arbeidet er
- fagleg spennande
- lærerikt
- meiningsfylt
- samfunnsnyttig
Kva gjer eg dersom eg ønskjer sakkunnigoppdrag?
Dersom du har spørsmål eller ønskjer oppdrag som ekstern sakkunnig, send ein e-post til sakkyndige@helseklage.no. Vi tek kontakt når vi har aktuelle oppdrag.
Les meir om korleis ein sakkunnig arbeider og kven som kan bli sakkunnig.