Høyring: Ønsker ny lov for å lettare granske overgrep mot pasientar
Utval skal granske saker om overgrep utført av helsepersonell mot pasientar i perioden 2010–2020. Helse- og omsorgsdepartementet vil sikre utvalet tilgang til informasjon.
Regjeringa vil setje ned eit utval som skal gjennomgå og vurdere statsforvaltarane, Statens helsetilsyn og Statens helsepersonellnemnd si
saksbehandling i saker som gjeld overgrep utført av helsepersonell mot pasientar i perioden 2010 til 2020.
Utvalet blir oppretta i kjølvatnet av den såkalla Varhaug-saka.
For å sikre utvalget tilgang til nødvendig informasjon foreslår Helse- og
omsorgsdepartementet ei lov om tilgang til teiepliktige
opplysningar, behandlingsgrunnlag etter personvernforordninga, opplysningsplikt, teieplikt mv. Forslaget til ny lov er sendt på høyring.
Vi støttar departementet i forslaget, og har sendt inn vårt høyringssvar.