Ekspertgruppe skal vurdera pasientskadeordninga

Helse- og omsorgsdepartementet har etablert ei ekspertgruppe for å evaluera pasientskadeordninga.

Løve utenfor Stortinget.

Norsk pasientskadeerstatning er ansvarlege for å behandla søknader om økonomisk erstatning frå staten til personar som har fått ein skade etter svikt ved helsehjelp i det norske helsevesenet. Pasientskadenemnda, og sekretariatet til nemnda i Nasjonalt klageorgan for helsetenesta, behandlar klagar på vedtak frå Norsk pasientskadeerstatning.

Ekspertgruppa skal beskriva gjeldande rutinar for saksbehandling, vurdera utfordringar med desse rutinane, komma med tilrådingar om forbetringar og greia ut konsekvensar av forslaga sine. Gruppa skal ha dialog med oss undervegs.

Gjennomgangen skal ta utgangspunkt i dagens situasjon. Dei som er involverte i saka, skal involverast/høyrast undervegs i arbeidet. Med involverte i saka meiner ein pasientar, pårørande og advokatar.

Privatpersonar, organisasjonar og andre kan senda innspel.
Fristen er 1. mars.

Evalueringa er oppfølging av eit oppmodingsvedtak i Stortingen 20. april 2023. Ekspertgruppa skal vera ferdig med evalueringa innan 1. juli 2024.

Medlemmer i ekspertgruppa

  • Bjørn Henning Østenstad, professor ved Universitetet i Bergen (leiar), Bergen
  • Camilla Dalland, avdelingsdirektør i Helfo, Nøtterøy
  • Janne Larsen, advokat i Roander & co, Oslo
  • Per Oretorp, assisterande generalsekretær/seniorrådgivar i Personskadeforbundet, Oslo
  • Ståle Onsgård Sagabråten, spesialist i allmennmedisin, Nesbyen
Publisert / Endret