Årsrapporten for 2021 er publisert
I 2021 handsama Nasjonalt klageorgan for helsetenesta 4841 klagesaker. Aldri før har vi handsama så mange saker på eitt år! I årsrapporten kan du lese meir om resultata våre frå 2021.
![To kvinner står ved sidan av ei veggtavle. Dei ser på kvarandre og smiler. Foto: Cecilie Bannow.](/media/4412/helseklage_2021_web-copyright-cecilie-bannow-81.jpg?anchor=center&mode=crop&width=575&height=384&rnd=133088565702700000)
I årsrapporten vår for 2021 kan du lese meir om mellom anna
- mål og krav
- resultata for dei ulike sakstypane
- rettssaker på pasientskadeområdet
- oppfølging av fellesføringar
- årsrekneskap
Du finn tidlegare årsrapportar på sida Tildelingsbrev og årsrapportar.