Samtykke til å henta inn informasjon

For at me skal kunna behandla klagesaka di så grundig som mogleg, kan det bli behov for å henta inn fleire nødvendige opplysningar og oppdatert dokumentasjon. I nokre sakstypar treng me samtykket ditt for å henta inn dette.

Saksbehandler som sitter foran en PC. Foto: Cecilie Bannow.

Lovendring 1. juli 2023 i klagesaker frå Helfo og Norsk pasientskadeerstatning
Viss du sende klaga di 1. juli 2023 eller seinare, kan me hente inn nødvendige opplysningar utan samtykke.

 

Me hentar inn opplysningane etter at du har gitt samtykke.

Kva slags informasjon blir henta inn?

Kva opplysningar me hentar inn, varierer etter behovet i saka. Me hentar berre inn informasjon eller dokument som kan vera viktige for å opplysa saka di. 

For meir informasjon om kva opplysningar det kan bli aktuelt å henta inn, sjå samtykkeerklæringa eller personvernerklæringa.

Kva skjer viss eg ikkje samtykkjer?

Viss du ikkje samtykkjer, avgjer me saka di på grunnlag av informasjonen me har fått. Eventuelle tilleggsopplysningar me får frå deg, kan få avgrensa betydning dersom me ikkje får vurdera all relevant og oppdatert informasjon samla.

Kven kan signere samtykket?

For at me skal vita at du har gitt eit informert samtykke, er det berre du eller verja di (vergen) som kan gi samtykke.

Du kan når som helst trekkja samtykket.

Kan eg signera samtykkeerklæringa digitalt?

Ja, du kan signera samtykkeerklæringa på Mi side.

Logg inn på Min side


Kan eg senda samtykkeerklæringa i posten eller via DigiPost?

Viss du ikkje vil signera samtykkeerklæringa digitalt, bruk skjemaet me har sendt til deg. Sidan skjemaet inneheld personsensitive opplysningar, kan du ikkje senda det på e-post. Du kan senda det til oss via DigiPost eller som brevpost.

Postadressa vår er:
Nasjonalt klageorgan for helsetjenesten
Postboks 230 Skøyen
0213 Oslo

Personvernerklæring Tilgjengelighetserklæring