Turnusteneste for å få autorisasjon som ortopediingeniør eller kiropraktor
Vi behandlar klager på vedtak om turnusteneste for å få autorisasjon som ortopediingeniør eller kiropraktor.
Ortopediingeniørkandidatar og kiropraktorkandidatar må gjennomføre turnusteneste for å få autorisasjon. Dersom turnustenesta ikkje blir godkjend, kan du klage på vedtaket.
Saksbehandlinga hos oss
Vi får klagesaka frå Helsedirektoratet. Når vi har fått saka di, sender vi deg eit brev om at ho er registrert hos oss. I brevet får du òg informasjon om forventa saksbehandlingstid. Saksbehandlingstida varierer etter kompleksiteten i saka.
Vi har eit overordna prinsipp om at eldste sak skal behandlast fyrst. Samstundes må vi av og til gjere unntak frå prinsippet fordi det kan vere gode grunnar til at ei sak ikkje kan venta.
Saksbehandlinga er skriftleg. Saksbehandlaren som blir tildelt saka di, gjer ei ny juridisk vurdering og hentar inn nye eller oppdaterte opplysningar viss det er nødvendig. Vedkommande vurderer om det er grunnlag for å endre vedtaket. Det er alltid minst to personar som vurderer saka.
Når vi har gjort eit vedtak i saka, sender vi det til deg eller representanten din. Vi sender òg vedtaket til Helsedirektoratet.
Du kan følgje klagesaka di på Mi side.
Mi side er stengt frå fredag 27. november
Brukarportalen Mi side er stengt på grunn av utviklingsarbeid frå 27. november kl. 15.
Vedtaka våre er endelege
Vedtak frå oss er endelege og kan ikkje klagast på. Vedtak kan leggjast fram for domstolane for rettsleg overprøving.