Takst A9

Vi behandlar klager på vedtak om rett til å utløyse takst for psykomotorisk fysioterapi (A9).

 

Klagesakene er frå fysioterapeutar som har fått avslag på retten til å utløyse takst for psykomotorisk fysioterapi (A9).

Skal du klage på eit vedtak?

Saksbehandlinga hos oss

Vi får klagesaka frå Helsedirektoratet. Når vi har fått saka di, sender vi deg eit brev om at ho er registrert hos oss. I brevet får du òg informasjon om forventa saksbehandlingstid. Saksbehandlingstida varierer etter kompleksiteten i saka.

Saksbehandlinga er skriftleg. Saksbehandlaren som blir tildelt saka di, gjer ei ny juridisk vurdering og hentar inn nye eller oppdaterte opplysningar viss det er nødvendig. Vedkommande vurderer om det er grunnlag for å endre vedtaket frå førsteinstansen. Det er alltid minst to personar som vurderer saka.

Når vi har gjort eit vedtak i saka, sender vi det til deg eller representanten din. Vi sender det òg til Helsedirektoratet.

Du kan følgje klagesaka di på Mi side.

Vedtaka våre er endelege

Vedtak frå oss er endelege og kan ikkje klagast på vidare. Vedtak kan leggjast fram for domstolane for rettsleg overprøving.