Spesialistutdanning for legar og tannlegar

Vi behandlar klager på vedtak frå Helsedirektoratet som gjeld spesialistutdanning av legar og tannlegar.

 

Helsedirektoratet har eit overordna fagleg ansvar for spesialistutdanninga for legar og tannlegar. Dei fastset læringsmål for spesialitetane og godkjenner eller registrerer utdanningsverksemdene. 

Klagesakene gjeld til dømes

  1. pålegg eller tilskot til kommunar
  2. registrering eller godkjenning av utdanningsinstitusjon
  3. tidsavgrensa fritak frå krav

Skal du klage på eit vedtak?

Saksbehandlinga hos oss

Vi får klagesaka frå Helsedirektoratet. Når vi har fått saka di, sender vi deg eit brev om at ho er registrert hos oss. I brevet får du òg informasjon om forventa saksbehandlingstid. Saksbehandlingstida varierer etter kompleksiteten og klagetemaet i saka.

Saksbehandlinga er skriftleg. Saksbehandlaren som blir tildelt saka di, gjer ei ny juridisk vurdering og hentar inn nye eller oppdaterte opplysningar viss det er nødvendig.

Du kan følgje klagesaka di på Mi side.

Vedtaket er endeleg

Vedtak frå Nasjonalt klageorgan for helsetenesta er endelege. Det betyr at det ikkje er mogleg å klage på vedtaket.

Vedtaket kan leggjast fram for domstolane for rettsleg overprøving.