Reise- og flytteutgifter for LIS1-stilling og fysioterapiturnus

Vi behandlar klager på vedtak om reise- og flytteutgifter for LIS1-stilling og fysioterapiturnus.

 

Legar i del 1 av spesialistutdanninga og fysioterapeutar i turnus kan få dekt reise- og flytteutgifter i samband med tiltreding av LIS1-stillingar/turnus i helseføretak, private opptreningsinstitusjon eller kommunehelsetenesta.

Klagesakene gjeld avslag på dekning av reise- og flytteutgifter.

Skal du klage på eit vedtak?

Saksbehandlinga hos oss

Vi får klagesaka frå Helsedirektoratet. Når vi har fått saka di, sender vi deg eit brev om at ho er registrert hos oss. I brevet får du òg informasjon om forventa saksbehandlingstid. Saksbehandlingstida varierer etter kompleksiteten i saka. 

Saksbehandlinga er skriftleg. Saksbehandlaren som blir tildelt saka di, gjer ei ny juridisk vurdering og hentar inn nye eller oppdaterte opplysningar viss det er nødvendig. Vedkommande vurderer om det er grunnlag for å endre vedtaket. Det er alltid minst to personar som vurderer saka.

Når vi har gjort eit vedtak i saka, sender vi det til deg eller representanten din. Vi sender òg vedtaket til Helsedirektoratet. 

Du kan følgje klagesaka di på Mi side.

Vedtaka våre er endelege

Vedtak frå oss er endelege og kan ikkje klagast på vidare. Vedtak kan leggjast fram for domstolane for rettsleg overprøving.