Godkjenning som allmennlege med rett til trygderefusjon
Vi behandlar klager på vedtak om godkjenning som allmennlege med rett til trygderefusjon.
For å arbeide som allmennlege med rett til trygderefusjon, må du ha autorisasjon, godkjenning som allmennlege eller vere under rettleiing for å få godkjenning.
Klagesakene gjeld avslag på godkjenning som allmennlege med rett til trygderefusjon.
Saksbehandlinga hos oss
Vi får klagesaka frå Helsedirektoratet. Når vi har fått saka di, sender vi deg eit brev om at ho er registrert hos oss. I brevet får du òg informasjon om forventa saksbehandlingstid. Saksbehandlingstida varierer etter kompleksiteten i saka.
Saksbehandlinga er skriftleg. Saksbehandlaren som blir tildelt saka di, gjer ei ny juridisk vurdering og hentar inn nye eller oppdaterte opplysningar viss det er nødvendig. Vedkommande vurderer om det er grunnlag for å endre vedtaket. Det er alltid minst to personar som vurderer saka.
Når vi har gjort eit vedtak i saka, sender vi det til deg eller representanten din. Vi sender òg vedtaket til Helsedirektoratet.
Du kan følgje klagesaka di på Mi side.
Vedtaka våre er endelege
Vedtak frå oss er endelege og kan ikkje klagast på vidare. Vedtak kan leggjast fram for domstolane for rettsleg overprøving.