Avtaleheimel for spesialistar

Vi behandlar klager på vedtak om tildeling av avtalespesialistheimel.

 

Ein avtalespesialist er privatpraktiserande spesialist, lege eller psykolog som har driftsavtale med eit regionalt helseføretak. Avtalespesialistar vurderer og behandlar tilstandar som ikkje krev innlegging, tilsvarande poliklinikkane på sjukehusa.

Klagesakene gjeld avslag på tildeling av avtalespesialistheimel.

Skal du klage på eit vedtak?

Saksbehandlinga hos oss

Vi får klagesaka frå det regionale helseføretaket du søkte om avtalespesialistheimel hos. Når vi har fått saka di, sender vi deg eit brev om at ho er registrert hos oss. I brevet får du òg informasjon om forventa saksbehandlingstid. Saksbehandlingstida varierer etter kompleksiteten i saka.

Saksbehandlinga er skriftleg. Saksbehandlaren som blir tildelt saka di, gjer ei ny juridisk vurdering og hentar inn nye eller oppdaterte opplysningar viss det er nødvendig. Vedkommande vurderer om det er grunnlag for å endre vedtaket frå førsteinstansen. Det er alltid minst to personar som vurderer saka.

Når vi har gjort eit vedtak i saka, sender vi det til deg eller representanten din. Vi sender òg vedtaket til helseføretaket.

Du kan følgje klagesaka di på Mi side.

Vedtaka våre er endelege

Vedtak frå oss er endelege og kan ikkje klagast på vidare. Vedtak kan leggjast fram for domstolane for rettsleg overprøving.