Samfunnsoppdrag og rolle

Vårt samfunnsoppdrag er å ta vare på rettstryggleiken til brukarar av og tilsette i helsetenestene. Vurderingane vi gjer er viktige for både livssituasjonen til enkeltpersonar og interessene til fellesskapet i offentleg finansierte og velfungerande helsetenester.

Direktør: Anita Giæver Hansen
Organisasjonsnummer: 984 936 966
Engelsk navn: National Office for Health Service Appeals

Nasjonalt klageorgan for helsetenesta er eit forvaltningsorgan under Helse- og omsorgsdepartementet. Vi er eit av Noregs største fagmiljø innan erstatningsrett, helserett, forvaltningsrett, EU/EØS-rett og prosedyre, og Bergens største samla fagmiljø for juristar.

Vi handsamar klager på vedtak i over 50 ulike sakstypar frå 13 offentlege instansar

Du må sende klaga til same instans som fatta vedtaket. Dei går gjennom klaga di og vurderer om vedtaket deira skal omgjerast eller oppretthaldast. Dersom dei opprettheld vedtaket sitt, sender dei klagesaka til oss for ny vurdering. Du kan ikkje klage direkte til oss.

Oversikt over klagesakene vi handsamar og kvar du må sende klaga di

Vi er sekretariat for fire uavhengige nemnder

Å vere sekretariat for ei nemnd betyr at vi mottek og utgreier saker som skal handsamast i nemnda. I enkelte pasientskadesaker kan sekretariatet fatte vedtak etter delegert myndigheit frå Pasientskadenemnda.

Vi fører rettssaker for alle landets domstolar

Vi er prosessfullmektig når staten ved Pasientskadenemnda blir saksøkt, og har i underkant av 200 løpande rettssaker for domstolane. Sakene er knytt til krav om erstatning for skadar som har oppstått under behandling i offentleg og/eller privat helsevesen. Rettssakene blir prosederte for domstolane i heile Noreg.

Helse- og omsorgsdepartementet har delegert rolla som partsrepresentant i søksmål på dei øvrige saksområda til oss. Regjeringsadvokaten er prosessfullmektig i desse rettssakene.

Sjå webinar om rolla vår som klageorgan og korleis vi tek vare på rettstryggleiken til brukarane

 

Informasjonskapsler og personvern