Presse

Me hjelper journalistar med spørsmål om oss, nemndene me er sekretariat for, sakstypane me handsamar, tal og statistikk med meir.

Et TV-kamera. Foto: Mostphotos

Dersom du har spørsmål om klagesaka di, må du ta kontakt med sentralbordet vårt.

Denne kontaktinformasjonen er berre for pressa:

Me svarar på førespurnadar kvardagar kl. 9–14.

Merk: Me har ikke pressevakt onsdag 27. mars og i påsken. 

Ikkje send personsensitiv informasjon på e-post!

Presseførespurnadar om enkeltsaker

Det er ei personsensitiv opplysning at nokon har ei klagesak hos oss. Klagar, eller klager si verge, må difor frita oss frå teieplikta før me kan stadfeste at me har mottatt, handsamar eller har handsama saka.

Klagesakene gjeld sensitive personopplysningar. Me uttalar oss difor berre om gangen i saka, og ikkje om innhaldet, sjølv med fritak frå teieplikta. 

Me kan stadfeste at me har mottatt, handsamar eller har handsama klager på vedtak frå Statens helsetilsyn utan fritak frå teieplikta. Me kan også gje informasjon om utfallet i klager på administrative reaksjonar mot helsepersonell. Status på autorisasjonen/lisensen til helsepersonell i Noreg er offentleg informasjon og ligg i Helsepersonellregisteret.

Slik fritek klagar/verge oss fra teieplikta

Klagar/verge kan frita oss fra teieplikta via Min side.

Under "Mine dokument", vel kategorien "Fritak frå teieplikt overfor namngitt person". Skriv følgjande opplysningar som ein kommentar eller last opp eit eige dokument:

  • namn på journalist og redaksjon/oppdragsgjevar
  • om det er spesielle forhold me ikkje kan uttale oss om
  • eventuell tidsavgrensing på fritaket

Presseførespurnadar om rettssaker

Me uttalar oss ikkje om saker som skal til handsaming eller som er under handsaming i retten. Dette gjeld også for dommar som ikkje er rettskraftige.

Spørsmål om tal og statistikk

Me har berre statistikk på klagesaker me handsamar. For å få best oversikt over ein eller fleire sakstypar, ta kontakt med den aktuelle fyrsteinstansen.

På sida Tal og statistikk finn du oversikt over mellom anna talet på mottatte og handsama saker, sakshandsamingstid og rettssaker som gjeld pasientskadeerstatning.

Årsrapportane ligg på sida Tildelingsbrev og årsrapportar.

Det kan ta noko tid å svare på førespurnadar om spesielle statistikkar.

Innsynsførespurnadar

Dersom du ønskjer innsyn i eit eller fleire dokument i ei klagesak, send innsynsførespurnaden til post@helseklage.no

Anonymiserte nemndvedtak finn du i vedtaksdatabasen vår og hjå Lovdata Pro.

Vi loggar alle presseførespurnadar

Alle presseførespurnadar til Nasjonalt klageorgan for helsetenesta blir logga. Det gjer me for å kunne følgje opp spørsmåla dine, slik at du får svar på det du lurer på, og for å ha oversikt over førespurnadane me får.

I loggen skriv me følgjande opplysningar:

  • dato for førespurnaden
  • oppdragsgjevar
  • namn
  • kontaktinformasjon
  • spørsmål

Informasjonen er berre tilgjengeleg for dei som jobbar med oppfølgjing av presseførespurnadar. Opplysningene blir sletta etter ti år.

Personvernerklæring Tilgjengelighetserklæring