Organisering og leiing

Nasjonalt klageorgan for helsetenesta har omlag 180 tilsette og er Bergens største samla fagmiljø for juristar.

Internt organisering i Nasjonalt klageorgan for helsetjenesten

Klikk på bildet for å sjå større versjon av organisasjonskartet.


Direktør

Anita Giæver Hansen er direktør i Nasjonalt klageorgan for helsetenesta.

Fag og utvikling

Avdeling for fag og utvikling har ansvar for overordna faglege spørsmål, medisinsk rettleiing, kontinuerleg forbetring, personvern og koordinering av høyringar. Dei fleste tilsette er juristar og helsepersonell.

Per Erik Omdal er avdelingdirektør.

Strategi og kommunikasjon

Strategi- og kommunikasjonsavdelinga jobbar med overordna strategi, kommunikasjonsoppgåver og har ansvaret for helseklage.no og Min side. Alle presseførespurnadar går via avdelinga.

Hilde-Kristin Enehaug er avdelingsdirektør.
Marit O. Øvregård er kommunikasjonsansvarleg.

Rettssak

Advokatane i rettssaksavdelinga fører rettssaker for staten ved Pasientskadenemnda og gir råd til nemnda i rettslege spørsmål. Avdelinga handterer 150–200 stemningar og 75–100 hovudforhandlingar i året, og er eit av landets største prosedyremiljø. Dei prosederer for alle instansar.

Svenn Wold Gaulen er avdelingsdirektør.

Organisasjon og fellestenester 

Avdeling for organisasjon og fellestenester er ansvarleg for dei administrative oppgåvene våre. Avdelinga er delt i to seksjonar:

  • HR, økonomi og IKT
  • Service- og dokumentsenteret

Helge Fauskanger er avdelingsdirektør.
Henriette Olderøy er seksjonssjef for Service- og dokumentsenteret.

Pasientskadeerstatning 1, 2 og 3

Pasientskadeerstatning 1, 2 og 3 handsamar klager på vedtak frå Norsk pasientskadeerstatning og er sekretariat for Pasientskadenemnda. Sekretariatet kan fatte vedtak etter delegert myndigheit.

Vivian S. Erstad er avdelingsdirektør for Pasientskadeerstatning 1.
Live Cathrine Halmø er avdelingsdirektør for Pasientskadeerstatning 2.
Liv Sørevik er avdelingsdirektør for Pasientskadeerstatning 3.

Helserett

Helserettsavdelinga er eit av Noregs største helsejussmiljø. Dei handsamar over 50 ulike sakstypar frå 11 offentlege instansar, og er sekretariat for Statens helsepersonellnemnd, Klagenemnda for behandling i utlandet og Apotekklagenemnda. Helserettsavdelinga er partsrepresentant i rettssaker som blir ført av Regjeringsadvokaten. Avdelinga utgreier og førebur også ankar til Trygderetten.

Nina Helen Vik Håvåg er avdelingsdirektør.

Informasjonskapsler og personvern