Organisasjon

Helseklage består av fem saksbehandlingsavdelingar, rettssaksavdeling og avdeling for organisasjon og utvikling (OU). OU-avdelinga er delt opp i tre seksjonar: Fag og utvikling, HR og økonomi og Service- og dokumentsenter.

Helseklage blir leia av direktør Rose-Marie Christiansen.

Saksbehandling I, II og V

Avdelinga er ein del av det tidlegare sekretariatet for Pasientskadenemnda. Avdelinga arbeider med pasientskadesaker, og saksbehandlinga som før opprettinga blei gjort i Helsedirektoratet.

Saksbehanling I blir leia av Vivian Skaar Erstad (Bergen).

Saksbehanling II blir leia av Hilde Lier (Oslo).

Saksbehanling V blir leia av Live Cathrine Halmø (Bergen).

Saksbehandling III

Denne avdelinga er det tidlegare sekretariatet til Statens helsepersonellnemnd, Apotekklagenemnda, Preimplantasjonsdiagnostikknemnda og Klagenemnda for behandling i utlandet. Avdelinga er både i Bergen og Oslo.

Avdelinga blir leia av Barbro Andenæs.

Saksbehandling IV

Avdelinga behandlar klagar om helsestønad frå Helfo. Dette omfatter blant anna klagar om produkt- og prislister etter blåreseptforskriften, avtalar om oppgjer frå folketrygden til helsepersonell, leverandører og tjenesteytere, og kompenasajon for naudsynte utgifter til helsetenester. Avdelingen held til i Bergen.

Avdelinga blir leia av Nina Helen Vik Håvåg.

Rettssak

Rettssaksavdelinga fører rettssaker for staten ved Pasientskadenemnda. Avdelinga har advokatar tilsett i Oslo og Bergen.

Avdelinga blir leia av Svenn Wold Gaulen.

Vernetinget til staten ved Pasientskadenemnda er Oslo tingrett. Fra og med 1. juli 2018 flyttes vernetinget til Bergen tingrett.

Organisasjon og utvikling

OU-avdelinga er fag- og administrasjonsavdeling i Helseklage, og består av tre seksjonar: HR og økonomi, Service- og dokumentsenter og Fag og utvikling. 

Avdelinga blir leia av Helge Fauskanger.

Sist oppdatert:

Informasjonskapsler og personvern