Høyring: Autorisasjon og lisens til helsepersonell

Helse- og omsorgsdepartementet har sendt på høyring forslag om enkelte endringar i reglane om autorisasjon og lisens til helsepersonell. Endringane gjeld EØS-føreskrifta om godkjenning av helsepersonell, m.m.

En person som holder i et stetoskop som henger rundt halsen. Foto: Mostphotos

Nasjonalt klageorgan for helsetenesta er sekretariat for Statens helsepersonellnemnd. Sekretariatet og nemnda har samarbeidd om høyringssvaret.

Les heile høyringssvaret vårt

Bakgrunn for høyringa

Formålet med godkjenningsordninga (autorisasjon og lisens) er å ivareta pasientsikkerheita. Ordninga skal medverka til ein får naudsynt kompetanse og kvalitet i helse- og omsorgstenesta. Godkjenninga skal òg gje føreseielegheit og sikkerheit for at helsepersonell har bestemte kvalifikasjonar og ein felles utdanningsbakgrunn.

Helsepersonell har på visse vilkår rett til autorisasjon etter § 48a. Søkjarar som er utdanna i ein annan EØS-stat har rett til autorisasjon etter helsepersonellova § 48a fyrste ledd bokstav b om internasjonale avtalar om gjensidig godkjenning, jf. EUs yrkeskvalifikasjonsdirektiv og EØS-føreskrifta om godkjenning av helsepersonell. Søkjarar som er utdanna i land utanfor EØS, har rett til autorisasjon etter § 48a fyrste ledd bokstav c om jamgod eksamen eller bokstav d om nødvendig dugleik. Helsepersonell som ikkje har rett til autorisasjon kan få lisens, jf. § 49.

Høyring: Autorisasjon og lisens til helsepersonell


 

Publisert / Endret
Informasjonskapsler og personvern