Utlevering av helseopplysningar

Viss du skal klage på eit vedtak som gjeld utlevering av helseopplysningar, må du sende klagen til Norsk helsearkiv.

Illustrasjon som viser medisinske ikoner. Foto: Mostphotos.

Norsk helsearkiv tek vare på eldre, bevaringsverdige pasientarkiv frå helseføretaka, og gjer helseopplysningar i arkivet tilgjengeleg for forskarar og pårørande i samsvar med gjeldande føresegner om teieplikt.

Klagesakene gjeld heilt eller delvis avslag på innsyn i pasientjournalar hos jf. helsearkivforskrifta § 31.

Skal du klage på eit vedtak?

Klagen må sendast til Norsk helsearkiv innan 3 veker etter at du fekk vedtaket. I klagen må du skrive kva vedtak du klagar på, kva du er usamd i og kvifor.

Norsk helsearkiv går gjennom klagen og vurderer om vedtaket skal gjerast om eller haldast oppe. Viss vedtaket blir halde oppe, sender dei klagesaka til oss for ny juridisk vurdering.

 

Norsk helsearkiv

Korleis behandlar vi klagesaka?

Saksbehandling av klager på vedtak som gjeld utlevering av helseopplysningar