Tilbakekrevjing av refusjonsutbetaling til behandlar
Behandlarar som skal klage på vedtak om tilbakekrevjing av refusjonsutbetaling, må klage til Helfo.
Helseaktørar med avtale om direkte oppgjer sender refusjonskrav til Helfo. Viss Helfo avdekkjer feil i mottekne krav, kan dei gjere vedtak om at behandlar må betale tilbake beløpet som er utbetalt.
Feil i krava kan vere
- feil bruk av takstar
- behandling som ikkje er nødvendig
- fiktive krav
Klagesakene gjeld krav om tilbakebetaling av refusjonsutbetalingar til behandlar.
Skal du klage på eit vedtak?
Klage på vedtak om refusjon av behandlingsutgifter til behandlar må sendast til Helfo innan 6 veker etter at du fekk vedtaket. I klagen må du skrive kva vedtak du klagar på, kva du er usamd i og kvifor.
Helfo går gjennom klagen din og vurderer om vedtaket skal gjerast om eller haldast oppe. Viss vedtaket blir halde oppe, sender dei klagesaka til oss for ny juridisk vurdering.
Korleis behandlar vi klagesaka?
Saksbehandlinga av klager som gjeld tilbakekrevjing av refusjonsutbetaling til behandlar