Særplass i eller utsetjing av turnusteneste for fysioterapeutar

Fysioterapeutar som skal klage på vedtak om utsetjing av turnusteneste eller søknad om særplass, må sende klagen til Statsforvaltaren.

En fysioterapeut hjelper en mann med skulderen. Foto: Mostphotos.

Klagesakene gjeld avslag på søknad om utsetjing av turnusteneste eller søknad om særplass. 

Skal du klage på eit vedtak?

Dersom du har fått avslag på søknaden din om utsetjing av eller særplass i turnusteneste for fysioterapeutar og vil klage på dette, må du sende klagen til Statsforvaltaren innan 3 veker etter at du fekk vedtaket. I klagen må du skrive kva vedtak du klagar på, kva du er usamd i og kvifor.

Statsforvaltaren går gjennom klagen din og vurderer om vedtaket skal gjerast om eller haldast oppe. Viss vedtaket blir halde oppe, sender dei klagesaka til oss for ny juridisk vurdering.

 

Statsforvalteren

Korleis behandlar vi klagesaka?

Saksbehandlinga av klagar som gjeld utsetjing av turnusplass eller søknad om særplass for fysioterapeutar