Refusjonskrav frå behandlar (oppgjer)
Behandlarar som skal klage på vedtak om refusjonskrav, må klage til Helfo.
Helseaktørar kan inngå avtale med Helfo om direkte oppgjer. Behandlarar som har ein avtale, sender refusjonskrav for det pasienten har rett til å få dekt etter den norske folketrygda. Du får utbetalt økonomisk oppgjer direkte frå Helfo, medan pasienten berre betaler eigendel for behandlinga til deg.
Klagesakene gjeld refusjonskrav frå behandlar (oppgjer).
Skal du klage på eit vedtak?
Klage på vedtak om refusjonskrav frå behandlar må sendast til Helfo innan 6 veker etter at du fekk vedtaket. I klagen må du skrive kva vedtak du klagar på, kva du er usamd i og kvifor.
Helfo går gjennom klagen din og vurderer om vedtaket skal gjerast om eller haldast oppe. Viss vedtaket blir halde oppe, sender dei klagesaka til oss for ny juridisk vurdering.
Korleis behandlar vi klagesaka?
Saksbehandlinga av klager som gjeld refusjonskrav frå behandlar (oppgjer)