Pålegg om oppretting av stilling for lege i spesialisering (LIS1)
Kommunar som skal klage på vedtak om oppretting av stilling for lege i spesialisering (LIS1), må klage til Helsedirektoratet.
Helsedirektoratet kan påleggje kommunar å tilsetje legar i del 1 av spesialistutdanninga (LIS1).
Klagesakene gjeld om pålegget er nødvendig.
Skal de klage på eit vedtak?
Klage på pålegg om oppretting av stilling for lege i spesialisering (LIS1) må sendast til Helsedirektoratet innan 3 uker etter at vedtaket ble motteke. I klagen må de skrive kva vedtak det gjeld, kva de er usamde i og kvifor.
Helsedirektoratet går gjennom klagen og vurderer om vedtaket skal gjerast om eller haldast oppe. Viss vedtaket blir halde oppe, sender dei klagesaka til oss for ny juridisk vurdering.