Konsesjon til drift av apotek

Apotekkonsesjonær, driftskonsesjonær, apotek eller apotekar som skal klage på vedtak med grunnlag i apoteklova, må klage til Direktoratet for medisinske produkt. 

Fasade på et apotek. Foto: Mostphotos.

Klagesakene gjeld avslag på konsesjon til drift av apotek.

Skal du klage på eit vedtak?

Klager på vedtak om konsesjon må sendast til Direktoratet for medisinske produkt (tidlegare Statens legemiddelverk) innan 3 veker etter at du mottok vedtaket. I klagen må du skrive kva vedtak du klagar på, kva du er ueinig i og kvifor.

Direktoratet går gjennom klagen din og vurderer om vedtaket skal gjerast om eller oppretthaldast. Dersom vedtaket blir oppretthalde, sender dei klagesaka til oss. Me mottek, greiar ut og førebur saker som skal behandlast i Apotekklagenemnda.

Direktoratet for medisinske produkter

Korleis behandlar me klagesaka?

Saksbehandling av klager som gjeld konsesjon til drift av apotek