Førehandsgodkjenning av kurs i petroleumsverksemd til havs

Petroleums- og dykkarlegar som skal klage på vedtak om førehandsgodkjenning av kurs i petroleumsverksemd til havs, må klage til Helsedirektoratet.

En lege som holder et nettbrett i hånden. Foto: Mostphotos.

Det er strenge kompetansekrav for å få godkjenning som petroleumslege og dykkarlege.

Klagesakene gjeld avslag på førehandsgodkjenning av kurs.

Klage på vedtak om avslag på førehandsgodkjenning av kurs må sendast til Helsedirektoratet innan 3 veker etter at du mottok vedtaket. I klagen må du skrive kva vedtak du klagar på, kva du er usamd i og kvifor.

Helsedirektoratet går gjennom klagen din og vurderer om vedtaket skal gjerast om eller haldast oppe. Viss vedtaket blir halde oppe, sender dei klagesaka til oss for ny juridisk vurdering.

 

Helsedirektoratet

Korleis behandlar vi klagesaken?

Saksbehandlinga av klager som gjeld førehandsgodkjenning av kurs i petroleumsverksemd til havs