Førarkort
Personar som skal klage på vedtak i førarkortsaker, må klage til Statsforvaltaren.
Dersom du ikkje oppfyller helsekrava i førarkortforskrifta, kan du søkje Statsforvaltaren om dispensasjon.
Klagesakene gjeld for eksempel saker der du
- ikkje får innvilga dispensasjon for å kunne køyre bil
- er ueinig i dispensasjonsvilkåra
- er ueinig i lengda på dispensasjonsperioden
Skal du klage på eit vedtak?
Klager på vedtak etter førerkortforskrifta må sendast til Statsforvaltaren innan 3 veker etter at du mottok vedtaket. I klagen må du skrive kva vedtak du klagar på, kva du er ueinig i og kvifor.
Statsforvaltaren går gjennom klagen din og vurderer om vedtaket skal gjerast om eller oppretthaldast. Dersom vedtaket blir oppretthalde, sender dei klagesaka til oss for ei ny juridisk vurdering.