Endring av juridisk kjønn for barn (6–16 år)
Personar som skal klage på vedtak om endring av juridisk kjønn for barn mellom 6 og 16 år, må sende klagen til Statsforvaltaren i Oslo og Viken.
Barn og unge mellom 6 og 16 år må søkje om endring av juridisk kjønn saman med den eller dei som har foreldreansvar for barnet.
Dersom foreldrene har felles foreldreansvar, men søknaden blir fremja saman med berre ein av foreldra, kan Statsforvaltaren i Oslo og Viken likevel innvilge søknaden dersom det er til barnets beste.
Skal du klage på eit vedtak?
Klage på vedtak om endring av juridisk kjønn for barn mellom 6 og 16 år må sendast til Statsforvaltaren i Oslo og Viken innan 3 veker etter at du/de mottok vedtaket.
Statsforvaltaren går gjennom klagen og vurderer om vedtaket skal gjerast om eller oppretthaldast. Dersom vedtaket blir oppretthalde, sender dei klagesaka til oss for ei ny juridisk vurdering.
Statsforvaltaren i Oslo og Viken
Korleis behandlar me klagesaka?
Saksbehandlinga av klager som gjeld endring av juridisk kjønn for barn mellom 6 og 16 år