Administrative reaksjonar mot helsepersonell
Helsepersonell som skal klage på vedtak om administrative reaksjonar, må klage til Statens helsetilsyn.
Administrative reaksjonar mot helsepersonell er:
- fagleg pålegg
- tilbakekalling av autorisasjon, lisens og spesialistgodkjenning
- avgrensing (begrensning) av autorisasjon
- tilbakekall av retten til å rekvirere legemidler i gruppe A og B
Statsforvaltaren kan òg gjere vedtak om fagleg pålegg. Viss du har fått fagleg pålegg frå Statsforvaltaren, må du sende klagen din dit.
Skal du klage på eit vedtak?
Klage på administrativ reaksjon må sendast til Statens helsetilsyn innan 3 veker etter at du mottok vedtaket. I klagen må du skrive kva vedtak du klagar på, kva du er usamd i og kvifor.
Statens helsetilsyn går gjennom klagen din og vurderer om vedtaket skal gjerast om eller haldast oppe. Viss vedtaket blir halde oppe, sender dei klagesaka til oss. Vi mottek, greier ut og førebur saker som skal behandlast i Statens helsepersonellnemnd.
Korleis behandlar vi klagesaka?
Saksbehandlinga av klager som gjeld administrative reaksjonar mot helsepersonell