Vil du bli lærling hos oss?
Vi tilbyr læreplassar innan service- og administrasjonsfag.
Nasjonalt klageorgan for helsetenesta er godkjent lærebedrift.
Vi tilbyr læreplassar innan service- og administrasjonsfag for lærlingar som har fullført Vg2 Service, sikkerheit og samferdsel.
Læreplassane er tilknytta avdelinga Organisasjon og fellestenester.
Vi lyser ut lærlingplassar på Webcruiter.
Dette tilbyr vi lærlingar
Som lærling hos oss vil du få store utviklingsmoglegheiter, både fagleg og personleg, innan kontorstøtte, kommunikasjon, HR og økonomi i eit livleg og sosialt arbeidsmiljø.
Vi tilbyr tett oppfølging av instruktør og fagleg leiar og ei rekke velferdsgoder. Sjå oversikt over velferdsgodene våre her.
Ta kontakt med Ole Akselberg Waardal for meir informasjon.