Praksisplass
Vi samarbeider med Universitetet i Tromsø og Universitetet i Bergen om praksisplassar for studentar. I praksisperioden får du relevant arbeidserfaring og prøve ut korleis det er å jobbe i ein statleg etat.
Nasjonalt klageorgan for helsetenesta har praksisplassar for studentar som går på
- rettsvitskap ved UiT (7. semester)
- praktisk informasjonsarbeid ved Universitetet i Bergen
Studentar som tek rettsvitskap har praksis i ei avdeling som jobbar med saksbehandling, enten i helserettsavdelinga eller i ei av avdelingane som behandlar pasientskadesaker.
Studentar som tek praktisk informasjonsarbeid har praksis ved strategi- og kommunikasjonsavdelinga.
Andre utdanningsinstitusjonar eller utdanningar som ønskjer samarbeid om praksisplassar, kan sende ein e-post til student@helseklage.no.