Deltidsstillingar
Som deltidstilsett hos oss får du eit unikt innblikk i offentleg forvaltning, og ikkje minst kjerneverksemda hos Nasjonalt klageorgan for helsetenesta.
Deltidsstillingar for jusstudentar
Service- og dokumentsenteret vårt har fleire faste deltidsstillingar for jusstudentar. Arbeidsoppgåvene er enklare førebuande saksbehandling, anonymisering av vedtak, posthandtering, betening av sentralbord og andre kontoroppgåver.
Arbeidstid er etter avtale, men dei fleste jobbar to ettermiddagar i veka. I samband med ferieavvikling er det mogleg å jobbe fulltid.
Vi lyser ut deltidsstillingar ved behov, så følg med på Webcruiter.
Deltidsstilling for kommunikasjonsstudentar
Studerer du medie- og kommunikasjonsfag eller grafisk design og ønskjer relevant arbeidserfaring? Ut 2023 har vi ein deltidsstilling i inntil 40 prosent i strategi- og kommunikasjonsavdelinga vår.
Er du student og ønskjer erfaring med kommunikasjonsarbeid?
Søk innan 23. april! Oppstart er snarast mogleg.