Gunstig bustadlån
Statens pensjonskasse vil til kvar tid ha ei av dei gunstigaste rentene i marknaden.
Alle som har tenestepensjonsordninga si i Statens pensjonskasse (SPK) har høve til å søkje om bustadlån til ei gunstig rente.
Tilsette i staten er medlem i SPK og kan søkje om lån til kjøp av eigen bustad, refinansiering og oppussing, og dessutan lån i samband med skifte- og arveoppgjer.
Alltid gunstig rente
Renta i SPK skal alltid spegle eit snitt av dei fem beste lånetilboda i marknaden. Det betyr at du slepp å følgje opp banken din, eller «shoppe» frå bank til bank for å få den lågaste renta.
SPK vil til kvar tid ha ein av dei gunstigaste rentene i marknaden.
Sjekk kor mykje det kostar å låne
På spk.no kan du bruke lånekalkulatoren for å berekne kva eit lån vil koste, og få ei oversikt over renter og avdrag ved ulike berekningar.