Ei av Noregs beste pensjonsordningar
Som medlem i Statens pensjonskasse får du livsvarig alderspensjon og gode forsikringar. Du kan òg ta ut permisjon utan å miste pensjonsopptening.
Våre tilsette har ei av Noregs beste pensjonsordningar gjennom Statens pensjonskasse (SPK).
I tillegg til livsvarig alderspensjon og AFP, kan du ha rett til økonomisk støtte viss du blir sjuk eller ufør.
Dine nærmaste er sikra viss du skulle falle frå. I tillegg har du moglegheit for å ta ut permisjon utan å miste pensjonsopptening.
Livsvarig alderspensjon og AFP
Som medlem i SPK vil du få ein god alderspensjon når du pensjonerer deg.
Alderspensjon frå SPK kjem i tillegg til alderspensjonen frå folketrygda og varer livet ut.
Les meir om AFP for årskullet ditt
Uførepensjon
Uførepensjon i SPK sikrar deg økonomisk tryggleik dersom du blir meir enn 20 prosent arbeidsufør - uavhengig av årsak. I den tida du får uførepensjon, held oppteninga fram til alderspensjon og etterlatnepensjon.
Etterlatnepensjon – økonomisk tryggleik for dine nærmaste
Ektefellen din, partnar eller barn kan ha rett til etterlatnepensjon. Merk at sambuarar ikkje har rett til etterlatnepensjon.
Ektefellepensjon
Ektefellepensjonen skal dekkje noko av inntektstapet som ektefella di får viss du skulle falle frå. Ektefellepensjon varer livet ut, og pensjonen utgjer 9 prosent av pensjonsgrunnlaget ditt.
Barnepensjon
Barnepensjonen skal bidra til trygge og føreseielege økonomiske rammer viss du døyr før barna fyller 20 år. Barnepensjonen utgjer 15 prosent av pensjonsgrunnlaget ditt.
Sjuk eller skada?
Gruppelivsforsikring
Alle som er omfatta av Hovedtariffavtalen (HTA) i staten har gruppelivsforsikring i SPK. Gruppelivsforsikring gir ei eingongsutbetaling til dine etterlatne dersom du døyr medan du er i lønt arbeid.
Les meir om gruppelivsforsikring
Yrkesskadeforsikring
Alle som er omfatta av HTA i staten har yrkesskadeforsikring i SPK. Yrkesskadeforsikring gir deg lovfesta rett på erstatning ved yrkesskade eller yrkessjukdom.
Les meir om yrkesskadeforsikring
Ut i permisjon eller byte jobb?
Sjølv om du er i permisjon, kan du tene opp pensjonsrettar. Dette er fordi staten og organisasjonane har inngått ein eigen permisjonsavtale.
Dersom du skiftar arbeidsgivar innanfor verksemder som har ein offentleg tenestepensjon, er det ein eigen overføringsavtale som sikrar at du får med oppteningstid frå dei ulike tenestepensjonsordningane når pensjonen skal bereknast.