Arbeidsmiljø og sosialt

Vi har eit inkluderande arbeidsmiljø med mykje engasjement og arbeidsglede.

To kvinner står ved sidan av ei veggtavle. Dei ser på kvarandre og smiler. Foto: Cecilie Bannow.

Kven er vi?

Vi har om lag 170 tilsette og er eit av Noregs fremste statlege fagmiljø innan erstatningsrett, helserett, forvaltningsrett, EU/EØS-rett og prosedyre.

74 prosent av våre medarbeiderar er juristar. Gjennomsnittsalderen er 41 år.

Les meir om vårt samfunnsoppdrag og vår rolle her.

Kvar jobbar vi?

Vi har kontor i nye og store lokale midt i Bergen sentrum, like ved ved Torgallmenningen. Lokala våre er moderne, opne kontorlandskap med sosiale soner, små og store møterom og stillerom og eit auditorium med plass til i overkant av 100 personar.

Vår primære arbeidsplass er kontoret, men vi legg til rette for at tilsette kan jobbe delvis heime. Møteromma våre er godt utstyrte med skjermar og kamera, og knytt til digitale møterom ein kan bruke dersom ein jobbar andre stader.

Vi meiner vi har byens beste kantine. Søtt og Salt driv den store felleskantina, med varmlunsj, salatbar og eigen kaffibar. Vi har også eige kjøken med sitteplassar i lokala våre.

Korleis har vi det på jobb?

Vi har eit godt og inkluderande arbeidsmiljø som er prega av trivsel, engasjement og arbeidsglede. Det er viktig for oss at medarbeidarane våre opplever å vere del av eit fellesskap.

Vi har ei aktivitetsgruppe og ei sosialgruppe som arrangerer fjellturar, pizzakveldar, lønningstreff eller samlar eigne lag til arrangement som Bergen City Marathon eller Stoltzekleiven opp. Vi har også fast fredagsquiz kvar veke.

Møt våre tilsette: – Stor variasjon gjør det gøy å være her

Korleis legg vi til rette for trening?

Vi tilbyr ein time trening med lønn i arbeidstida kvar veke. Du kan gjere den aktiviteten du vil.

Alle tilsette får rabattert pris på medlemskap i AdO arena.

I bygget har vi sykkelparkering i låst garasje og garderobar med dusj.