Organisering og leiing
Nasjonalt klageorgan for helsetenesta har omlag 170 tilsette og er Bergens største samla fagmiljø for juristar.
Klikk på bildet for å sjå større versjon av organisasjonskartet (PDF).
Direktør
Anita Giæver Hansen er direktør i Nasjonalt klageorgan for helsetenesta.
Fag og utvikling
Avdeling for fag og utvikling har ansvar for overordna faglege spørsmål, medisinsk rettleiing, kontinuerleg forbetring, personvern og koordinering av høyringar. Dei fleste tilsette er juristar og helsepersonell.
Per Erik Omdal er avdelingsdirektør.
Strategi og kommunikasjon
Strategi- og kommunikasjonsavdelinga jobbar med overordna strategi, kommunikasjonsoppgåver og har ansvaret for helseklage.no og Min side. Alle presseførespurnadar går via avdelinga.
Hilde-Kristin Enehaug er avdelingsdirektør.
Marit O. Øvregård er kommunikasjonsansvarleg.
Rettssak
Advokatane i rettssaksavdelinga fører rettssaker for staten ved Pasientskadenemnda og gir råd til nemnda i rettslege spørsmål. Avdelinga handterer rundt 200 stemningar og 75 hovudforhandlingar i året, og er eit av landets største prosedyremiljø. Dei prosederer for alle instansar.
Ketil Sørvig er fungerande avdelingsdirektør.
Organisasjon og fellestenester
Avdeling for organisasjon og fellestenester er ansvarleg for dei administrative oppgåvene våre. Avdelinga er delt i to seksjonar:
- HR, økonomi og IT
- service- og dokumentsenteret
Helge Fauskanger er avdelingsdirektør.
Liv Sørevik er fungerande leiar ved service- og dokumentsenteret.
Pasientskadeerstatning 1, 2 og 3
Pasientskadeerstatning 1, 2 og 3 handsamar klager på vedtak frå Norsk pasientskadeerstatning og er sekretariat for Pasientskadenemnda. Sekretariatet kan fatte vedtak etter delegert myndigheit.
Avdelingane handsamar også klager på vedtak frå Folkehelseinstituttet og Norsk helsearkiv.
Vivian S. Erstad er avdelingsdirektør for pasientskadeerstatning 1.
Live Cathrine Halmø er avdelingsdirektør for pasientskadeerstatning 2.
Liv Sørevik er avdelingsdirektør for pasientskadeerstatning 3.
Helserett 1 og 2
Helserettsavdelinga er Noregs største helsejussmiljø. Dei handsamar over 80 ulike sakstypar frå 29 offentlege instansar, og er sekretariat for Statens helsepersonellnemnd og Apotekklagenemnda. Sekretariatet kan fatte vedtak etter delegert myndigheit frå nemndene.
Helserettsavdelinga er partsrepresentant i rettssaker som blir ført av Regjeringsadvokaten. Avdelinga utgreier og førebur også ankar til Trygderetten.
Nina Helen Vik Håvåg er avdelingsdirektør for helserett 1.
Anna Kirkeluten er avdelingsdirektør for helserett 2.