Kontaktinformasjon og fakturaadresse

Sentralbordet og resepsjonen i Nasjonalt klageorgan for helsetjenesten. Foto: Cecilie Bannow.

Brukarportal: https://minside.helseklage.no/

E-post: post@helseklage.no

Telefon: 22 99 36 30

Sentralbordet vårt er ope på kvardagar kl. 9.00–14.30.

Bruk Mi side, sikker digital postkasse eller brevpost, dersom du skal sende personsensitiv informasjon til oss.

Skal du klage på eit vedtak?

Me handsamar klager på vedtak frå 32 offentlege instansar. Du må sende klaga til same instans som fatta vedtaket. Dei går gjennom klaga og vurderer om dei skal gjere om eller oppretthalde vedtaket. Dersom dei opprettheld vedtaket sitt, sender dei klagesaka di til oss for ny juridisk vurdering.

Du kan ikkje klage direkte til oss!

Oversikt over kva klagesaker me handsamar og kvar du må sende klaga di

Følg saka på Mi side!

I brukarportalen Mi side kan du følgje utviklinga i klagesaka, sjå dokument me har sendt til deg og som du har sendt til oss, sende inn nye opplysningar som er viktige for saka og fylle ut aktuelle skjema.

Les meir om Mi side

Postadresse

Nasjonalt klageorgan for helsetenesta 
Postboks 230 Skøyen
0213 Oslo

Besøksadresse

Krinkelkroken 1
5014 Bergen

Organisasjonsnummer

984 936 966

Fakturaadresse

Faktura og kreditnota skal sendast i elektronisk handelsformat (EHF). Vår elektroniske fakturaadresse er 9908:984936966.

Merk fakturaen med denne referansen: 1940AITO

Meir informasjon om korleis sende faktura til ei statleg verksemd

Dersom du ikkje kan sende faktura i EHF-format, må du sende papirfaktura til:

Nasjonalt klageorgan for helsetenesta
Fakturamottak DFØ
Postboks 4746 Torgarden
7468 Trondheim

Det er ikkje mogleg å sende faktura på e-post.

Presseførespurnadar

Sjå eiga kontaktinformasjon for journalistar

Har du funne feil eller manglar på nettsida?

Dersom du finn feil eller manglar på nettsida vår, bruk tilbakemeldingsfunksjonen som ligg nedst i den aktuelle artikkelen eller send e-post til nettredaksjonen.

Nettredaksjonen svarar ikkje på spørsmål om sakshandsaming.