Webinar: Kva er rolla vår som klageorgan og korleis tek me vare på rettstryggleiken for brukarane våre?
Det er fem år sidan Nasjonalt klageorgan for helsetenesta blei oppretta. I høve jubileet har me laga eit webinar om oss og rolla vår som klageorgan. Her får du også eit innblikk i ulike sakstypar, blant anna korleis me vurderer krav om erstatning i vaksinesaker, misbruk av refusjonsordninga og tilsynssaker mot helsepersonell.
Program
- Introduksjon
- Helsing frå helse- og omsorgsminister Bent Høie
- Velkommen og overordna informasjon om Nasjonalt klageorgan for helsetenesta
- Korleis jobbar me med pasientskadesaker?
- Klagesaksbehandling på helserettsområdet
- Sakkunnigrolla i klagesakene
- Rettssakene på pasientskadeområdet
- Er det ein menneskerett å få køyre bil?
- Behandlaren sitt misbruk av fellesskapets midlar
- Tilsynssaker: Kva fører til administrative reaksjonar mot helsepersonell?
- Korleis vurderer me krav om erstatning i vaksinesaker, og korleis føregår rettssakene?